frost media film: Filmprosjektet The Frost er ferdig
Då er filmprosjektet “The Frost” ferdig for vår del, og med det så har vi valgt å legge ned prosjektselskapet Frost Media film.
Dessverre har ikkje “The Frost” hatt den suksessen som vi håpa på då vi tok valget å bli med på produksjonen, men det er umulig å spå framtida.
Vi hadde dessverre ikkje noko påverknadskraft på sjølve filmen og dens regi. Vi tok på oss rolla som co-produsentar av “The Frost” for å halde produksjonen på Sunnmøre, og det klarte vi.
Når produksjonen pågikk vart det lagt igjen mykje pengar i regionen. Hotell, catering, transport og mange fleire instansar fikk nyte godt av at produksjonen ikkje blei flytta utanlands. Vi har mottatt mange takkebrev frå mennesker, bedrifter og organisasjonar som har fått noko positivt ut av at produksjonen blei holdt på Sunnmøre, og det sett vi veldig stor pris. Det må også nevnast at produksjonen har vore flott marknadsføring for naturopplevingar på Sunnmøre.
Men likevel så er det salgbarheten av filmen som avgjer sluttresultatet for prosjektet, og der har dei gode resultata lete vente på seg, og vi innser no at dei vil heller ikkje kome. Det er synd, men vi vil takke alle som har støtta produksjonen. Det er så mange at vi kan ikkje begynne å ramse det opp her, - men De veit kven De er. Tusen takk!
